Sponsor Me

Raised so far

$

My goal

$ 260

Please review our Terms and Conditions and Privacy Policy for information on how we collect and use data.

My Blog


"Jeg hater ordet selvmord"

Tuesday 27th May 2025

For nesten nøyaktig eit år si blei dette innlegget publisert i eit av landets aviser. Ragnhild, som eg kjenner, har skrive eit av dei beste tekstane om dette tema. Eg har sjølv gjenteke det ho har skrive i samataler med andre. Det sentrale poeng er både sterkt og godt:

- det er ingen som tek sitt eige liv, det er sjukdom som tek liv. 

I jobben min er samfunn- og folkehelse eit sentralt tema. Ein tidlegare kommuneoverlege sa at ofte er det ikkje noko poeng å skilje mellom psykisk og fysisk helse. Sjukdom er sjukdom, og kan redusere din opplevde livskvalitet, som er den definisjonen av "helse" som WHO legg til grunn. 

Det er ingen som omtalar somatiske sjukdomar som "sjølvmord" - ein seier til dømes ikkje at nokon som døde av kreft, hjarteinfarkt eller hjarneslag, tok sitt eige liv? Kvifor gjer me det med mentale sjukdomar? Det er dette spørsmålet som gjer at innlegget "Jeg hater selvmord" er utruleg viktig og dagsaktuelt.

(Link til Fedrelandsvennen):

https://www.fvn.no/mening/debattinnlegg/i/wgezLo/jeg-hater-ordet-selvmord 

Dette blei brått meir personleg - igjen ...

Thursday 15th May 2025

Hei alle ... Dette innlegget blei ikkje som tenkt.

Eg hadde tenkt å kanskje seie noko om ungdom og mental helse eller Maud Angelica Behn sitt prisverdige arbeid som blir omtala i media i dag anledning Forebyggingsforum. 

Men, i går kom det nok ein tragisk bodskap.

Eg har eigentleg ikkje ord. Trur alle forstår, så treng ikkje greie ut.

Sjølv om dette ikkje var nokon i min nære familie, så er oppleves dette svært tragisk. Synes det er er svært betenkeleg at nesten på same dato, for to år si og, var det og ein person - som ein har møtt, hatt det kjekt med, ledd med - som syntes livet blei for tungt. 

#DGR blir veldig alvorleg og meiningsfull for min del - ikkje berre MC og staffasje. 

Dagens BA: "Alt for Pingu"

Sunday 11th May 2025

No er det 10 dagar igjen til for min del årets viktigaste helsesak, som Bergensavisen og skriv om. Nok ein gong blir det slått fast at sjølvmord er den mest vanlegaste dødsårsaken for unge menn...

Petter Eide, styreleiar i organisasjonen LEVE seier noko heilt sentralt: "– Menn liker å snakke om bil, hus og idrettsprestasjoner. Vi har nok utviklet en samtalekultur i Norge hvor menn ikke er flinke til å snakke om egne følelser. Vi klarer ikke å forebygge selvmord om vi ikke klarer å åpne opp disse samtalene"

Nettopp dette er det som gjer DGR viktig. Eit arrangement med fokus på menns mentale og fysiske helse gjennom ein felles interesse for motor og motorsyklar.

Det er både moro og gjevande å kunne vere med på ein annan måte enn sitte i eit folkemøte eller marsjere i tog - veldig bra det altså, men poenget er at det er bra at me kan markere og samle inn midlar til ei viktig sak på svært ulike måtar!   

Sjå saka i Bergensavisen 09.05.2025:

https://www.ba.no/jonas-pingu-solsvik-dode-til-selvmord-na-har-venner-gatt-sammen-for-a-minne-ham-i-en-kortesje/f/5-8-3012394 

I'm Riding for Men's Health in DGR 2025

Friday 4th Apr 2025

On Sunday the 18th of May 2025, I'm riding in The Distinguished Gentleman's Ride with fellow men and women across the globe to raise funds and awareness for prostate cancer and men's mental health on behalf of Movember.

Support my ride in Bergen, Norway! 

More topics on this blog the coming weeks. 

 

My Sponsors


Anonymous

Lykke til!!

$83 USD

Alf Helge

2025 er i gang

$40 USD

Anonymous

$35 USD

Viktor B.

Så kult konsept og viktig sak!

$22 USD

T. Berentzen

Lykke til i år og.

$14 USD